NRK Meny
Normal

To til sjukehus etter trafikkulukke

To personar er sende til sjukehus etter ei trafikkulukke ved Eikeland i Bremanger.

Laster kart, vennligst vent...

FRONT MOT FRONT: To bilar frontkolliderte ved Eikeland, like utanfor Svelgen i Bremanger.

Like etter klokka 18 torsdag kveld fekk politiet melding om at to personbilar hadde frontkollidert på fylkesveg 614 ved Eikeland. Det var berre førarane i begge bilane, og dei to mennene i 40- og 50-åra er sende til sjukehus for sjekk.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om kor alvorleg skadde dei to er, eller kva som var årsak til ulukka.

– Vi veit ikkje så mykje om årsaka til ulukka, men det er svært glatt i området, seier Marianne Føleide som er operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt i Florø.

Bilane har fått store skadar i samanstøyten opplyser politiet.

Det er no manuell dirigering på stgaden opplyser politiet på twitter.

Laster Twitter-innhold
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.