Normal

To døde etter tankskipsulukka ved Stad

Arbeidsulukka om bord i tankskipet «Key Fighter» utanfor Stadlandet har kravd sitt andre dødsoffer.

Key Fighter

VED KAI I MÅLØY: Mannskapet på «Key Fighter»har fått naudsynt oppfølging laurdag, opplyser reiarlaget.

Foto: Eva Westvik / NRK

Det er Helse Møre og Romsdal som melder dette på nettsidene sine søndag føremiddag. Livet til den filipinske mannen i 40-åra som vart flogen kritisk skadd til sjukehuset i Ålesund stod heller ikkje til å redde. Ifølgje politiet døydde mannen klokka 00.30 natt til søndag.

Ein spansk mann i 70-åra døydde relativt kort tid etter ulukka.

Klokka halv sju laurdag kveld opplyser Hugo Matre at pårørande er varsla og at mannskapet har fått naudsynt oppfølging i løpet av dagen. I tillegg er undersøkingane om bord i «Key Fighter» ferdige, utan at han kan seie noko meir om årsaka til ulukka.

– Skipet er no klarert for å reise vidare. Eg reknar med at skipet difor vil gå vidare frå Måløy om kort tid, seier Matre, som representerer reiarlaget og Fjord Shipping som driv skipet.

Ikkje lenge etter at NRK snakka med Matre la skipet frå kai og sette kursen sørover.

Sende ut helikopter

Politiet fekk melding om ulukka like før klokka halv seks laurdag morgon. To personar blei funne bevisstlause i ein tank om bord i skipet «Key Fighter».

– Eit redningshelikopter flaug ut til båten som var 13 nautiske mil vest for Stadlandet, seier operasjonsleiar Morten Rebnord ved Vest politidistrikt.

Pusta inn gass

Han seier dei skal ha blitt utsett for den gifte gassen hydrogensulfid. Dei to utanlandske arbeidarane blei frakta til sjukehuset i Ålesund med redningshelikopteret.

– Ein av dei døydde på sjukehuset like etter at han kom fram. Den andre er kritisk skadd, seier han.

Mannskapet får krisehjelp

«Key Fighter» har eit mannskap på 14 og er registrert på Malta. Skipet blir drive av Fjord Shipping i Måløy. I 14-tida laurdag seier Hugo Matre til NRK dei jobbar med å følgje opp mannskapet og dei pårørande, som alle får tilbod om profesjonell hjelp.

– Det er tragisk og svært leit for for dei pårørande og andre som er direkte involverte i ulukka. I første omgang er det oppfølging av mannskap og pårørande vi jobbar med. Det er og sett i gang eit arbeid med å varsle. Dette er personar med utanlandsk opphav, så varslinga tek tid. I tillegg vert det utført kvalitetskontroll av båten og utstyret.

– Ikkje utstyrssvikt

Han opplyser at skipet i hovudsak går i trafikk mellom norske hamner med vegetabilske produkt som rapsolje og fiskeolje. Innimellom går skipet også til utanlandske hamner.

Matre seier dei førebels ikkje har full oversikt over kva som har skjedd.

– Men det vi veit er at båten var på veg frå Noreg til England utan last om bord. Undervegs har det vore utført vedlikehaldsarbeid om bord. Så langt er det ingenting som tyder på utstyrssvikt eller tekniske feil, men vi har som sagt ikkje full oversikt, så det er for tidleg å konkludere, seier han.

Jobbar med å varsle pårørande

Skipet ligg no ved kai i Måløy der politiet har gjort avhøyr og åstadsundersøkingar.

Roger Gundersen

POLITIBETJENT: Innsatsleiar Roger Gundersen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi måtte vente til tankane var klarerte, men vi har fått gjort ein rekonstruksjon av ulukka. Vi er no ferdige med arbeidet vårt på staden og sak er oppretta, seier innsatsleiar Roger Gundersen.

Laster kart, vennligst vent...
Vegopning på Bergum i Førde kommune