Hopp til innhold

Aka rett gjennom gjerde og ned på vegen

To personar er frakta til sjukehus etter ei akeulukke ved Hodlekve i Sogndalsdalen.

AMK seier til Firda at det er for tidleg å seie noko om tilstanden til dei to skadde.

Begge vart frakta til sjukehus i Førde. Den eine med luftambulanse. Dagleg leiar Cecilie Grendahl, seier til NRK at begge aka på akebrett.

– Diverre hadde dei ikkje kontroll og køyrde rett gjennom gjerdet og ut i vegen nedanfor barnebakken, seier Grendahl.

Fekk raskt hjelp

Med gjester frå Kvåle skule, Lurkarlaget og Norskopplæringa i Sogndal har skisenteret i Sogndal hatt besøk av mellom 800 og 900 personar i dag.

Diverre går det ikkje alltid etter planen når mange har det gøy. Dei som skadde seg var frå Norskopplæringa.

– Det vart ein kaotisk situasjon, men heldigvis kom ambulanse og lege raskt til staden. Etter kvart kom også luftambulansen, seier Grendahl.

Stengde barnebakken

Den eine personen skal ha fått brotskadar, medan den andre skal ha slått seg kraftig i hovudet etter ulukka. Det er første gang at skisenteret opplever ei slik ulukke.

Barnetrekket er førebels stengt slik at ikkje fleire skal gjere det same.

– Vi hadde ein snøkant, men denne er byrja å smelte. Vi vil byggje opp ein endå høgare kant nedst i barnebakken og orientere om at ein må ha kontroll over situasjonen når ein står på ski, og at ein ikkje brukar akebrett i bakken om ein ikkje har gjort det særskilt før, seier ho.