Hopp til innhold

To til legesjekk etter kollisjon

To personbilar har i ettermiddag kollidert på riksveg fem i Fjærland.

Kollisjon i Fjærland

GLATT FØRET: To bilar har kollidert i Fjærland

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Begge førarane er sende til legekontroll. Den eine til Sogndal, den andre til Førde. Ingen er alvorleg skadde, opplyser Wenke Hope, som er operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 13. Det var ein person i kvar av bilane. Forbipasserande som NRK har snakka med opplyser at det er null-føre og glatt på staden.

– Etter det vi har fått opplyst har ein bil som kom frå Førde i retning Sogndal fått sleng og kollidert med ein møtande bil, seier Hope.

Politiet opplyser at vegen er open forbi ulukkesstaden. Saka vert vidare etterforska av Sogndal lensmannskontor.