Hopp til innhold

19-åring sikta for vald mot to personar

Ein 19 år gamal mann er sikta for ha utøvd vald mot to personar i Førde natt til laurdag. Mannen blei sett fri frå arresten etter å ha forklart seg.

– Førde lensmannskontor tek seg av den vidare etterforskinga. Mannen er ikkje lenger i vår varetekt, opplyser operasjonsleiar Espen Gulliksen.

Det har vore slåsting fleire stader i fylket i går kveld og i natt. Verst gjekk det ut over to personar i Førde sentrum.

– Begge var til legebehandling for skadane dei fekk, seier operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, Stig Inge Hauge.

Kjende ikkje gjerningsmannen

Begge dei fornærma, som ikkje skal ha kjent gjerningsmannen, varsla sjølv politiet i løpet av natta. Den 19 år gamle gjerningsmannen blei sett rett i arresten.

– Vi vil etterforske saka i løpet av dagen.

– Så de ser sopass alvorleg på saka at de etterforskar allereie i dag?

– Ja, det gjer vi. Dei som kjem på jobb i dag, tek seg av etterforskinga, sa Stig Inge Hauge til NRK laurdag morgon.

Laster Twitter-innhold

Promillekøyring og vald

Også andre stader i fylket har politiet måtta ta seg av bråkmakarar. Som NRK fortalde i går kveld, måtte politiet gå til aksjon mot to personar som sette seg kraftig til motverje då politiet ville arrestere dei på ein pub i Flåm.

Dei to personane i Flåm er også mistenkte for promillekøyring før episoden på puben, men er no sett fri frå varetekt på Sogndal lensmannskontor.

Det same er ein person i Stryn, som må ta blodprøve fordi politiet mistenkjer promillekøyring.

I Innvik rykte politiet ut for å ta seg av ein slåstkamp på ein utestad, men her løyste saka seg på staden.