NRK Meny
Normal

To til lege etter slagsmål

To personar vart natt til skjærtorsdag sendt til lege etter to slagsmål i Førde.

Politiet vart først kalla ut til ein fest i ein privat bustad i Førde like etter midnatt.

To ungdommar var blitt sparka og slått utanfor bustaden, og ein av dei måtte fraktast til sjukehus for legetilsyn.

Seinare på natta måtte politiet på nytt gripe inn i eit slagsmål i Førde. Denne gongen på ein utestad der ein gjest hadde blitt slegen i ansiktet av ein annan gjest.

– Det var blitt skade på to tenner som følgje av slaget, skriv Sogn og Fjordane politidistrikt i loggen sin.

Gjesten som vart slegen vart send til legevakt.

Begge slagsmåla vil bli følgd opp av Førde lensmannskontor.