Hopp til innhold

To systrer fanga mellom to ras

Dei to systrene skulle heim til Oldedalen og møtte ras – snudde og møtte nytt ras.

Lina Synneve (10) og Sara Benedikte (11)

NESTEN TEKNE AV RAS: Systrene Lina Synneve (10) og Sara Benedikte Kvamme Gjersten (11) tykte det var skummelt at det gjekk ras så nær bilen dei sat i.

Foto: Asgeir Reknes / NRK

– Me hadde kome til Yrineset, og der var det kome eit lite jordras, og då venta me der i om lag 20 minutt før me snudde. Når me so hadde køyrt eit lite stykke møtte me ein kjempestor stein midt i vegen – då snudde me igjen og stilte oss opp på ein parkeringsplass om lag 50 meter unna eit veldig stort skred, fortel Lina Synneve (10).

Ekstremvêret Hilde har ført til fleire ras i Sogn og Fjordane dei siste dagane, og mange er framleis utan veg.

– Då me såg raset byrja me å køyre opp mot eit lite hus oppi lia. Pappa gjekk ned for å sjå på skadane frå raset. Etterpå gjekk med ned til Svein Yri, der me fekk lov til å sove. Me kunne ikkje reise inn til Oldedalen før dagen etterpå, fortel storesyster Sara Benedikte (11).

Enorme steinar ligg midt i vegen, og Oldedalen manglar både straum og veg.

Stryn Energi trekkjer ny straumline i Oldedalen

TREKKJER NY STRAUMLINE: Stryn Energi sørgjer for at straumen snart kjem attende.

Foto: Silje Guddal / NRK

Skremmande

– Det buldra og bråka av raset, og det kom mykje lys då høgspenten også vart teken av raset, fortel Sara Benedikte.

– Det var litt trist å sjå, for eg trudde ikkje at det var så stort og at me var så nærme – det var ganske skummelt, seier Lina Synneve.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Måndag blir det drive opprydding etter skreda som har gått over vegen i Oldedalen.

SJÅ TV-SAK: Vegen i Oldedalen blir rydda etter skreda i helga.

Fri frå skulen

Sara Benedikte tykkjer det er kjekt å kunne ta båt medan vegen er stengd. Dei har fått fri frå skulen, og tek båten inn til Olden for å hente skulebøker og å handle mat.

– Eg kjem til å tenkje litt på rasa når vegen opnar og me må køyre bil att, men eg trur det kjem til å fint, seier ho.

–Det blir litt ekkelt å køyre bil att, særleg når me skal på skulen om morgonen når det er mørkt ute, avsluttar Lina Synneve.

Lina (10) og Sara (11)

BÅT FOR BIL: Systrene tykkjer det er kjekt å ta båt medan vegen er stengd, og gruar seg litt til dei må sitje i bil i mørkeret når vegen opnar att. Her tek dei båt til Olden for å handle mat og hente bøker på skulen.

Foto: Silje Guddal / NRK