Hopp til innhold

To stolne bilar i grøfta

Politiet ynskjer tips frå publikum etter at to stolne bilar er funne onsdag morgon.

Stolen bil i Vårdal

HAMNA I GRØFTA: Den stolne bilen frå Bergen hamna i grøfta i Holmedal.

Foto: Politiet

– Bilen som står i Holmedal er meldt stolen i Bergen i slutten av januar. Ting kan tyde på at det andre bilen vart stolen seint i går kveld, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Trond Hatlenes.

Bilane er funne ved Ringstadkrysset i Askvoll og i Holmedal, og det var forbipasserande som melde frå til politiet.

– Vi har ingen mistenkte, og er interesserte i tips og vitne, seier Hatlenes.

– Den eine av to bilar har køyrt ut av vegen ved Vårdal. Like ved der den stolne bilen frå Bergen er funne, er det stole ein bil frå ei garasje.

Treft fjellvegg med stolen bil

Den stolne bilen frå ei garasje er funne ved Ringstadkrysset i retning Stongfjorden.

– Bilen har krasja mot ein fjellvegg. Skadane her er ein god del større enn bilen ved Vårdal, seier Åge Løseth som er lensmann ved Askvoll lensmannskontor.

Betyr det at personen eller personane som har køyrt desse bilane er skada?

– Nei, det er ikkje teikn i bilane som tyder på det, men det kan vi ikkje sei sikkert, seier Løseth.

Bil i fjellveggen i Askvoll

TUREN ENDA I FJELLVEGGEN: Denne bilen hamna i fjellveggen i nærleiken av Ringstadkrysset.

Foto: Politiet

Politiet og lensmannen i Askvoll trur det er ein samanheng mellom dei to stolne bilane.

– Bil nummer to er stolen frå ei garasje eit kort stykke frå den stolne bilen frå Bergen.

Det blir gjort tekniske undersøkingar i begge bilane, og nokre av naboane er allereie avhøyrt, utan at det har gitt politiet vidare spor.

Mangla plutseleg ein bil i garasjen

Det var ein sjokka eigar som fekk vite om at bilen hans var stolen.

– Politiet ringde for å fortelje meg om at bilen min stod i grøfta. Då måtte eg sjå etter i garasjen om bilen stod der, men det gjorde den ikkje, seier Olbjørn Arild Tangedal.

Tangedal tykkjer det heile er særs kjedeleg.

– Eg trur bilen blir kondemnert. Ganske trasigt. Det var ein god bil, sjølv om den var gamal. Eg har ein anna bil, så eg er ikkje hjelpelaus, seier han.