Hopp til innhold

To statsrådar møtte opp for å opne tømmerkaia

EIKEFJORD (NRK): Då den nye tømmerkaia til 18 millionar kroner stod klar til å bli opna, fekk bygda storfint besøk av to ministrar.

Tømmer på lastebil, skogsarbeider som arbeider, Siv jensen som sager stubbe

KOM I TØMMERBIL: Siv Jensen og Jon Georg Dale kom til opninga i tømmerbil. Jensen sagde over tømmerstokken som offisielt opna tømmerkaia.

– Dette er ein gledas dag, seier finansminister Siv Jensen (FrP).

Ho og landbruksminister, Jon Georg Dale (FrP), kom til opningsfesten i Eikefjord i ein tømmerbil til flagging og fanfarar.

Siv Jensen og Jon Georg Dale

STATSRÅDAR: Dei to ministrane var på plass då kaia skulle opnast. Sjølv kom dei til opninga i ein tømmerbil.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Viktig for skognæringa

Kaia i Eikefjord føyer seg inn i rekka av tømmerkaier den sittande regjeringa har opna dei siste åra. Finansministeren meiner kaiene er eit viktig element i verdiskapinga for skognæringa, som ho seier er blitt «stemoderleg» behandla for lenge.

– Vi er glade for at regjeringa har prioritert skognæringa. Det kan gi sysselsetting mange år framover og eg trur satsinga kjem til å gi gode resultat, seier Jensen.

Martin Braanaas som driv med tømmerhogst er positiv til regjeringa si satsing, men skulle ønske ein satsa meir på å også foredle tømmeret i Noreg i staden for å eksportere så mykje.

– Det hadde vore betre å bygge opp industrien her i landet. Det hadde også passa godt inn i det grøne skiftet, seier Braanaas.

Skogsarbeider Martin Braanaas

VIL HA MINDRE EKSPORT: Martin Braanas er positiv til utbygging av tømmerkaier og ønsker seg også at regjeringa satsar på sagbruk.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Tidlegare låg det også fleire sagbruk i området. Men mange bedrifter som foredla tømmeret, blei lagt ned eller flytta utanlands. Siv Jensen har trua på at satsinga også kan blåse liv i slike bedrifter.

– Eg trur det blir meir lønnsamt og at det blir auka interesse for å reetablere slike verksemder i Noreg. Det skal vi glede oss over, seier Jensen.

Større kai, større kapasitet

Prosjektleiar, Gunvar Seljeseth er stolt og glad for at prosjektet no står ferdig. Han var også involvert i bygginga av den førre kaia, som ikkje var lengre enn 50 meter. Den nye måler 100 meter for å tilpasse seg båtane som er blitt større med tida.

– Eg såg ein båt som kom inn her som var 115 meter lang. Då tok hjartepumpa mi nokre ekstra slag må eg innrømme.

Ifølge Seljeseth måtte dei store båtane bli drege heilt opp til strandlina. Men no kan dei ta opp båtar med ei lengde på 250 meter, fortel han.

Siv Jensen, Gunvar Seljeseth og Jon Georg Dale

VIKTIG FOR NÆRINGA: Finansministeren og tømmerbilsjåfør og entreprenør Torbjørn Frivik, er samde om at den nye kaia er viktig for skognæringa framover.

Foto: Arne Stubhaug