Hopp til innhold

To Spellemann-nominasjonar til fylket

Trass strålande kritikkar til fleire artistar frå Sogn og Fjordane, er det berre to musikarar frå fylket som i år er nominert til Spellemannspris.

Spellemann

INGEN NOMINERT: Verken Vreid (til venstre), Karl Seglem (oppe til høgre) eller Good Time Charlie er nominerte til ein Spellemannpris, trass i at alle har fått lovord frå mange kantar dette året.

Foto: NRK/Christian Blom/pressefoto

I år er Frode Flatland frå Førde og Ole Hartvigsen frå Luster dei einaste frå fylket som i det heile er nominert. Frode er nominert til årets produsent, saman med artistar som Kygo og Susann Sundfør. Ole er nominert i kategorien Metall saman med bandet sitt Kampfar frå Fredrikstad.

– Det er veldig flott med nominasjon til Frode Flatland i eit veldig gjævt selskap, seier Luttprogramleiar og musikkansvarleg i NRK Sogn og Fjordane, Stian Sjursen Takle.

Hadde forventa fleire

Stian Sjursen Takle på ei valseblokk av aluminium

HADDE HÅPA PÅ MEIR: Musikkansvarleg i NRK Sogn og Fjordane, Stian Sjursen Takle.

Foto: Arve Ullebø

Likevel er han skuffa over at det ikkje var fleire nominasjonar, noko han hadde forventa. Sjursen Takle dreg særleg fram jazzmusikaren Karl Seglem, Good Time Charlie som vann årets Luttpris og metalbandet Vreid.

Alle tre har fått solide terningkast og lovord frå platemeldarar, men likevel imponerte ingen juryen så mykje at det var nok til nominasjon. Dette trass i prestasjonar som det Vreid har klart.

– Vreid sitt nye album, Solverv, får enormt gode tilbakemeldingar verda over. Det er eitt av våre internasjonale band som får veldig mykje merksemd. Der er det også toppkarakterar overalt. Dei har aldri hatt så gode tilbakemeldingar på noko dei har gjort tidlegare, så dei var også litt skuffa, fortel Sjursen Takle.

Skuffa musikarar

Han har så vidt vore i kontakt med både Karl Seglem, Vreid og Good Time Charlie, og alle er litt skuffa. Noko som er forståeleg, meiner NRK Sogn og Fjordane sin musikkansvarleg.

– Det er ein viktig pris. Det er den mest høgthengande musikkprisen det går an å få i Norge. Du blir lagt veldig godt merke til med ein Spellemannpris og det opnar nye dører.

Overraska over nominasjonen

Frode Kvigne Flatland i Ungdomskulen på Bylarm 2010

NOMINERT: Frode Flatland, her frå tida i bandet Ungdomsskulen på Bylarm i 2010.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Frode Flatland hadde sjølv ikkje forventa å bli nominert, særleg sidan han ikkje har meldt seg på.

– Det er nok ein eller annan mystisk karakter i kulissane som har meldt meg på. Det var veldig overraskande og sjølvsagt veldig gledeleg. Eg var faktisk ikkje klar over at det var ein slik kategori. Den er ny som fast på programmet i år, seier han.

Flatland har blant anna jobba tett saman med Lars Vaular og produsert den siste plata hans. Han seier det nok er mange som hadde fortent å bli nominert, men at det er slik kvart år. Sjølv har han ikkje trua på at han vinn, men han er heller ikkje så oppteken av det.

– Det er ein veldig fin gjeng som er nominert, og spreidd sjangermessig, så det er ein veldig kul kategori. Det viser dei ulike tinga ein produsent kan vere.