Hopp til innhold

Sogndal vil selje Flo og Halvorsen

Per Egil Flo (23) og Ole Jørgen Halvorsen (24) kan vere på veg vekk frå Sogndal før sesongstart.

Per Egil Flo og Ole Jørgen Halvorsen

DREG: Både Per Egil Flo og Ole Jørgen Halvorsen kan vere på veg vekk frå Sogndal før sesongstart.

Foto: Fotomontasje

Dermed byrjar straumen av spelarar som har forlate, eller held på å forlate klubben i sognebygda, å bli stor.

Flo og Halvorsen vil nemleg ikkje forlengja kontraktane sine som går ut ved sesongslutt, skriv Sogn Avis.

For å få betalt for spelarane

Då ser ikkje Sogndal noko annan moglegheit enn å vurdere sal av dei to, for å unngå at dei går til andre klubbar som bosmannspelarar. Det siste vil nemleg ikkje gje Sogndal ei krone i kassen. Då går spelaren vederlagsfritt til ein ny klubb etter endt kontrakt.

– Det er same prosedyren som med Henrik Furebotn. Når spelarane ikkje vil forlengja kontraktane sine må me vurdera kva som er mest teneleg for oss som klubb, seier assistenttrenar og spelarutviklar i Sogndal Fotball, Håvard Flo til avisa.

Vil jobbe aktivt framover

Han held døra opa for at både Flo og Halvorsen kan vera ute av stallen før sesongstart.

– Me er opne for å selja dei, og vil jobba aktivt med agentar og rådgjevarar i tida framover for å finna ei løysing, seier Flo.

Han fortel at klubben har hatt samtalar med både Flo og Halvorsen om nye kontraktar utan at partane har klart å komme til ei semje.

– Eg kjem ikkje til å skriva ny kontrakt med Sogndal. Eg ønskjer å koma meg vidare, seier Per Egil Flo til avisa.