Hopp til innhold

To skular nedlagde: Elevane må bussast hit

Kommunestyret i Balestrand gjekk seint i går kveld inn for å legge ned to grendeskular, trass heftige protestar frå foreldre og lokalbefolkning.

Sagatun skule

FLYTTAR ELEVANE HIT: To grendeskular stenger, og elevtalet ved Sagatun skule i Balestrand sentrum som har gått ned, aukar med 13 elevar frå dei nedlagde skulane som skal bussast hit.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg har full forståing for reaksjonane. Eg reknar med det vert sterke reaksjonar i etterkant også. Med sopass drastiske tiltak som dette, vil folk reagere, seier ordførar Harald Offerdal (Ap).

Før avgjerda truga foreldre med flytting dersom skulane var nedlagde, men til ingen nytte. Med 12 mot 5 røyster gjekk kommunestyret inn for å legge ned Fjordtun og Nessane skular. Til saman 13 elevar må ta buss til Sagatun skule i Balestrand, ein tur som for nokre er 50 minutt.

Må spare 7,5 millionar no, og meir seinare

Harald Offerdal

ORDFØRAR: Harald Offerdal (Ap).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kommunen reknar med å spare 1, 58 millionar kroner på nedlegginga. Ordføraren seier det ikkje er med lett hjarte.

– Utgangspunktet har vore å behalde grendeskulane, og vi har leita med lys og lykter for å finna pengane. Utfordringa er at vi ikkje har pengar lenger. Å få balanse har vore ei utfordring dette året. Vi har måtta ta inn 7,5 millionar.

Ifølgje ordføraren ligg det i vedtaket at stenginga er mellombels. Men han ser ikkje lyst på moglegheitene for å omgjere vedtaket.

– Utfordringane kjem til å bli store i åra framover. Vi har ikkje pengar på fond, og store utfordringar med pensjonsutgiftene. Dei statlege overføringane går ned, slik at vi ikkje ein gong for kompensert for lønnsveksten, seier Offerdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nesse skule

STENGD: Nesse oppvekstsenter på Nessane mellom Balestrand og Høyanger.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Varslar lovlegkontroll

Debatten om skulande si skjebne tok lang tid. Gruppeleiarane for partia vart oppmoda om å forsøke å kome til felles einigheit, men klarte det ikkje. Senterpartiet og Venstre sine til saman fem representantar stemte mot.

– Stemninga var sakleg. Det var mykje publikum til stades, men debatten var sakleg og grei, seier ordføraren.

Senterpartiet gjekk i går ut og sa at dei ville behalde skulane ved å kutte ein til to stillingar i administrasjonen i kommune, og opplæringstiltak for vaksne tilsette i kommunen.

Ordføraren seier Senterpartiet varsla krav om lovlegheitskontroll på møtet.

– Det må kome innan tre veker. Innan 29. januar må kommunestyret ta stilling til om vi står ved vedtaket, og så går det til fylkesmannen, seier Offerdal.