Hopp til innhold

To skular kan bli nedlagde

Rådmannen i Flora foreslår å leggje ned Solheim skule og Steinhovden skule frå august neste, skriv Firdaposten. Ifølgje ein rapport frå Norconsult kan kommunen spare kring 7 millionar kroner på nedlegging av desse skulane, og skulen i Stavang. Rådmannen tilrår at skulen i Stavang held fram som no, men at det blir gjort ei ny vurdering i 2019. Venstrepolitikar Jan Arve Midtbø seier til avisa at han vil gå ut av samarbeidet med Arbeidarpartiet dersom det blir nedlegging. Saka skal til politisk diskusjon 24. mai.