Teatermelding av Marit Bendz
I To skilte menn (2008) var Roger og Fredrik to sutrepavar. I oppfølgjaren Skilte menn rir igjen sutrar dei ikkje lenger, og har verkeleg sala om i eit forsøk på å ri inn i solnedgangen. Gjennom radioprogrammet Skilte menn hjelper dei andre menn til å slutte med sytinga og heller stay rakrygga single.
Singellivet er ikkje berre ein levemåte, det har vorte ein leveveg for to patetiske, middelaldrande vener. Dei deler ut 1000-dagarskruset til skilde innringjarar som har klart å halde seg unna fast forhold i tusen dagar.
Forelsking er ein sjukdom, ifølgje dei to programleiarane. Ekteskap er flyktige kjensler bygd på eit permanent forhold. One night stands, derimot, er flyktige forhold bygd på permanente kjensler. Men det er lett å bli sjuk. Det er lett å sjå symptoma når ei forelsking er på gang. Det er den farlegaste av alle sjukdomar, for pasienten vil slett ikkje ha hjelp.
Våre to radiovertar prøver å hjelpe likevel. Dei har halde ut singellivet i sju år, og prøver å fortelje andre kor fantastisk det er.
Men er det eigentleg så greitt? Om ein skal ane ein alvorleg undertone i alt tøyset og galskapen, mellom ei urne med kokain og ei smule homofobi, må det vere at den som gjev bastante råd til andre eigentleg prøver å overtyde seg sjølv om noko.
Det glade singelliv kan få mindre lystige konsekvensar, skal det vise seg. Eit møte med to søte jenter på Ibiza har på mystisk vis ført til at Roger sit i forhøyr på fjerde døgnet, medan Fredrik ligg i koma.
Roger Hilleren og Fredrik Steen er røynde skodespelarar, og Steen har også lang erfaring frå standup og som den engasjerte Hildegunn Moltubakk frå Ulsteinvik. Han sjonglerer dei ulike rollene godt.
– Kall meg ikkje naiv, brøler Roger både til kompisen og politimannen som avhøyrer han. Det er nok det verste ein skilt mann kan vere. Fredrik er ikkje like sjølvhøgtideleg. Dette er to typar vi har møtt alle saman, i oss sjølv eller i eksen.
Slutten er litt overraskande, eg skal ikkje røpe korleis det går, anna enn at sluttreplikken handlar om ei dame som kanskje har smuglytta på radioprogrammet og teke i mot råda.
– Så kynisk! seier Roger.
Kulissane er enkle og uttrykksfulle. Bordet er både sjølvkøyrstudio, bord på avhøyrskjellaren og restaurantbord. Her er raske rolleskift og banale lydeffektar. Mann med spade spar store tak. Mann med leikespade i ei lita eske med grus lagar lyden. Sånne små detaljar vert morosame. Det er mykje små ting som er småmorosame i stykket.
Dette er ikkje ein slapstick-komedie, sjølv om dei to kompisane hamnar i nevekamp med kvarandre. Det er heller ein litt slapp komedie der vi humrar oss igjennom timen det varer.
Urpremieren var denne gangen lagt til Sunnfjord hotell, ei fin ramme rundt ein komedie, der publikum kunne kjøpe seg noko å drikke å ta med seg inn. Dei to skilte herrane gjekk sjølv rundt med kvar sin halvliter blant publikum før det imaginære teppet gjekk opp. Kanskje vi kunne vore dratt meir med, som studiopublikum?
Skilte menn rir igjen var eit heilt greitt alternativ til Gullrekka denne fredagskvelden.
Sogn og Fjordane Teater:
Skilte menn rir igjen
Urpremiere i Førde fredag 21. november
Medverkande: Fredrik Steen og Roger Hilleren
Regi: Yngve Sundvor