Hopp til innhold

To skadde i trafikkulukke på Hemsedalsfjellet

Ein bil har køyrd av vegen på Rv 52 over Hemsedalsfjellet. To personar er skadde.

Trafikkulukke Hemsedalsfjellet

KRAFTIG SMELL: Bilen har treft ein stolpe på sida og fått store materielle skade, men personane i bilen skal ha kome frå det med lettare skader.

Foto: Jan Christian Jerving

– Dei ser ut til å vere lettare skadde, med naseblod og smerter i ein fot, seier operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, Espen Gulliksen.

Det er berre ein bil involvert, og NRK sin fotograf på staden melder om ein kraftig samanstøyt.

– Det er store materielle skader, opplyser Gulliksen.

Alle naudetatane rykte ut. Også luftambulanse vart tilkalla, men det viste seg å ikkje vere behov for den.

Bilbergar skal ta seg av bilen. Ulukka skjedde like ved fylkesgrensa. Vegen er open. Det er snø- og isdekke.

Luftambulanse ulukke Hemsedalsfjellet

IKKJE BEHOV: Alle ressursar vart varsla om ulukka, men denne gongen var det ikkje behov for luftambulansen når han kom til staden.

Foto: Jan Christian Jerving
ulukke