Hopp til innhold

To skadde i trafikkulukke

To kvinner vart lettare skadd i ei trafikkulukke på Bergum ved Førde måndag kveld.

Begge bilane vart liggjande i autovernet

Begge vart sende til Førde sentralsjukehus.

Den eine kvinna var i 30-åra. Ho vart seinare på kvelden send heim etter å ha vore innom for legesjekk. Den andre kvinna var i 60-åra, og ligg no på vanleg avdeling ved sentralsjukehus, fekk NRK opplyst frå AMK seint måndag kveld.

To personbilar involvert i ulukke ved Bergum

Det var ingen andre personar involvert i ulukka.

Overheldt ikkje vikeplikta

Ifølgje politiet har den eine bilen ikkje halde vikeplikta då den svinga ut på riksveg 5.

Store mannskap frå politi, brannvesen og ambulanse var på staden i løpet av kort tid. Bilane vart liggjande inntil autovernet, og dei skal ha fått omfattande skader.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 21.40, og dei vil etterforske saka på vanleg måte.