Ein av dei brakk ein ankel, medan den andre har smerter i ryggen etter ulukka. Ingen av dei kjem frå Sogn og Fjordane.
Helikopteret styrta på isen i Adventfjorden, to-tre minutts flyging frå flyplassen. Airlift flyg på Svalbard på oppdrag frå Sysselmannen.
Kom seg ut ved eiga hjelp
Flygarane kom seg ut av helikopteret ved eiga hjelp og vart plukka opp av redningspersonell kort tid etter, opplyser sysselmannsoverbetjent Olav Tombre til NTB.
På rutineoppdrag
Ulykka med helikopteret, ein Bell 212, skjedde etter at helikopteret hadde vore på rutineoppdrag og levert frå seg tre passasjerar. Sysselmannen vart varsla om styrten torsdag klokka 8.30.
Mesteparten av helikopteret er sokke i Adventfjorden. I morgon kjem to frå Flyhavarikommisjonen til Svalbard for å etterforske ulukka.