Hopp til innhold

To skadde i frontkollisjon

To kvinner i 20-åra er skadde i ein frontkollisjon på Hemsedalsfjellet.

Trafikkulukke på Hemsedalsfjellet

FRONT MOT FRONT: Ulukka skjedde i samband med ei forbikøyring på Hemsedalsfjellet.

Foto: Jan Christian Jerving

Politiet fekk melding om trafikkulukka ved Eldrevatnet klokka 19:42. Ambulanse, helikopter, brannvesen og politi blei sende til staden.

Dei to skadde kvinnene blir tekne hand om av helsepersonell. Ulukka skal ha skjedd i samband med ei forbikøyring.

Føraren av bilen som køyrde forbi dreiv med lærekøyring. Personen som var ansvarleg i bilen har fått førarkortet beslaglagt. Saka blir vidare etterforska av Årdal lensmannskontor.

Vegen var stengd etter ulukka, men klokka 21:40 melder Statens vegvesen at riksveg 52 igjen er open for fri ferdsel.

Trafikkulukke på Hemsedalsfjellet

LANGE KØAR: Vegen var stengd i om lag to timar etter ulukka.

Foto: Jan Christian Jerving