Hopp til innhold

To skadde etter utforkøyring

To personar skal vere skadd etter ei utforkøyring på fylkesveg 13 på Balestrand-sida av Gaularfjellet. Eit einsleg køyretøy har køyrt av vegen, seier operasjonsleiar Bengt Næss ved Vest politidistrikt sin operasjonssentral i Florø. AMK opplyser at det var til saman tre personar i bilen. Politiet veit ikkje noko om kva skader dei to som er skadde har fått, eller kor alvorleg det er. Ulukka skal ha skjedd i den første skarpe svingen i oppstiginga frå Balestrand-sida av fjellet, i området etter Mel.