To skadde etter snøskred ved Steindalsnosi

To personar er skadde etter eit snøskred ved Steindalsnosi ved Sognefjellet. Ti personar vart tekne av skredet.

To personar er skadde etter eit ras på Steindalsnosi

TURTAGRØ: Redningshelikopteret mellomlanda på Turtagrø etter å ha henta ut skadde frå rasområdet.

Foto: Tommy Skjønsholt

– Dei to skadde blir heisa opp og frakta ut av området no. Det er uklart kva skadar dei har fått, men det skal ikkje vere livstrugande. Mest truleg er det snakk om beinbrot, seier Børge Galta ved Hovudredningssentralen Sør-Norge.

Dei to blir frakta til Førde sentralsjukehus.

– To luftambulansar og eit redningshelikopter hjelper til i arbeidet, sa Per Rimmen ved politiets operasjonssentral til NRK like etter at meldinga om skredet gjekk ut.

Skredet skal ha gått om lag ein kilometer vest for toppen av Steindalsnosi.

Politiet fekk melding om skredet klokka 14.09. Steindalsnosi er ein topp på 2025 meter, og ligg i Luster kommune. Denne helga er det mange toppturentusiastar i området, då High Camp på Turtagrø blir arrangert for 16. gong.

Fleire ambulansar og tre helikopter deltok i redningsarbeidet ved Turtagrø laurdag.

SKRED: Ti personar vart tekne av skredet. Fleire ambulansar vart sende til Turtagrø for å hjelpe til i redningsarbeidet.

Foto: Tage Skjaak Moen

Tre tekne av skred i Jostedal

Det har også gått eit skred ved Vangsen i Jostedal.

– Vi har fått stadfesta at tre personar vart tekne, men alle kom seg uskadde ut av raset, seier Rimmen.

NVE har tidlegare i helga åtvara mot snøskredfaren.

– Snøskredsituasjonen i heile landet er kompleks. Vi tilrår å vente med turar i bratt terreng, om du ikkje har kontroll på snø- og skredforholda der du er, åtvara snøskredvarslar Birgit Rustad i NVE.

Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.
Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.