Hopp til innhold

To sjåførar vart politimelde

To yrkessjåførar vart politimelde under ein kontroll på Skei i Jølster torsdag ettermiddag.

Vegvesenet hadde kontroll på Skei

KONTROLL: Vegvesenet hadde torsdag ettermiddag kontroll av tunge køyretøy på Skei.

Foto: Steinar Lote / NRK

Vegvesenet hadde kontroll av tunge køyretøy, og to av sjåførane som vart vinka inn vart politimelde.

– Den eine på grunn av manglande pålagd yrkessjåførkompetanseopplæring, og den andre fordi han hadde køyrt for lenge utan kvile i høve til reglane for køyre- og kviletid, seier Svein Arne Henjesand, overingeniør i Statens vegvesen.

– To politimeldingar er i utgangspunktet to for mykje, legg han til.

For å sikre at alle sjåførar har eit visst kompetansenivå er det krav om såkalla yrkessjåførkompetanseopplæring, dette er eit felles krav innanfor EU. Men den polske sjåføren Vegvesenet stogga i dag hadde det ikkje.

Sjåføren som hadde køyrt for lenge hadde køyrt i nesten seks timar, medan han etter reglane skal ha kvile etter 4,5 timar køyring.

– Dette var ein norsk sjåfør som hadde strekt køyretida si for lenge før han tok pause, seier Henjesand.