NRK Meny
Normal

To personar til sjukehus etter trafikkulukke

FØRDE (NRK): Ein mann (79) og ei kvinne (75) vart sendt til sjukehus med ambulanse etter ei trafikkulukke på E39 i Gaular.

To personar i 70-80-åra er sendt til sjukehus etter ei trafikkulukke på E39 i Gaular i morgontimane onsdag.

UTANFOR VEGEN: Den eine bilen hamna ned ei skråning og enda på ein tilkomstveg til E39 etter ulykka, som skjedde i eine svingen etter Myrmel i retning Førde. Operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Wenke Hope, informerer. Foto/redigering: Tone-Merete Lillesvangstu

Ulukka skjedde i 08-tida i ein sving ved Myrmel, mellom Førde og Sande, like før klokka 08. I alt tre personar var involverte i ulukka.

AMK opplyser i 11-tida at ein 79 år gamal mann og ei 75 år gamal kvinne kom frå ulukka med lettare skade.

– I den eine bilen sat eit par i 70-80-åra. Dei er sende til Førde sentralsjukehus med skadar. Føraren av den andre bilen seier seg uskadd, opplyser operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Kjenner førebels ikkje til årsaka til ulykka

Trafikkulukke ved Myrmel i Gaular

MEDFART: Bilen til det eldre paret fekk hard medfart i samanstøyten.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka til uhellet, men bilen med dei skadde personane drog av vegen og ned ei bratt skråning før han enda på ein tilkomstveg til E39.

– Førebels kan eg ikkje seie noko om kva som har skjedd, seier skadestadsleiar Magne Faleide til NRK.

Trafikken kunne passere forbi ulukkesstaden medan politiet gjorde sine undersøkingar og avhøyrte vitne til ulukka.

Laster kart, vennligst vent...

ULUKKE: Naudetatane er på veg til Myrmel der to bilar er involverte i ei trafikkulukke.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.