Hopp til innhold

Fekk førarkortet kverrset etter ulukke

To personar vart køyrde til legevakta etter ein kolisjon på Stårheim i Eid kommune. Førarkortet til mannen i 30-åra er kverrsett.

Stårheim

– Grunnlaget for at vi har kverrset førarkortet er omfanget samt farepotensialet, fortel operasjonsleiar Trond Hatlenes i Sogn og Fjordane politidistrikt.

To menn i 20- og 30-åra var involverte, og begge vart køyrde til legevakta på Eid.

– Ulukka skjedde ved avkøyrsla til ein bustad ved Indre Røed, fortel Hatlenes.

Operasjonsleiaren kan førebels ikkje seie noko om dei materielle skadene, men påkøyrsla skal ha skjedd i ei 80-sone.

Eit køyrefelt vart stengt, og det var dirigering på staden. I