NRK Meny
Normal

To personar påkøyrt på cruisebåtkaia i Olden

To kvinner er sendt til sjukehus etter ein påkøyrsel på cruisekaia i Olden.

Politi på Olden cruisekai

OLDEN: Kort tid etter at politiet fekk melding om ulukka var politi og ambulanse på staden.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

Det er to eldre kvinner som har blitt påkøyrt av ein lastebil. Det melder politiet i Sogn og Fjordane.

– Dei er medvitne begge to. Det var fleire folk samla på kaia, blant anna ein lege som kom raskt til, seier Frode Eide, som er vaktleiar ved 110-sentralen i Sogn og Fjordane.

To kvinner er sendt til sjukehus etter ein påkøyrsel på cruisekaia i Olden.

Politiet melde først at ei av kvinnene var sendt med ambulanse til sjukehus, medan den andre kom frå påkøyrselen uskadd. Klokka 12:30 melder politiet på Twitter at begge er sendt til sjukehuset på Nordfjordeid for legesjekk.

Politiet fekk melding om trafikkulukka i Olden klokka 11.25. Det er ikkje mistanke om promillekøyring.

Vegopning på Bergum i Førde kommune