Hopp til innhold

To personar pågripne etter innbrot

To personar er pågripne og sit i avhøyr etter eit innbrot hos Joker-butikken på Bulandet i natt.

Nikøy AS på Bulandet

INNBROT: Tysdag morgon vart det oppdaga innbrot i Joker-butikken og kafeen på Bulandet.

Foto: Trude Bakke / NRK

Dei to vart pågripne då dei kom i land med ferja i Askvoll.

– Vi har for så vidt eit par mistenkte. Begge sit i avhøyr no. Den eine har lokal tilknyting, seier operasjonsleiar Einar Vereide hos Sogn og Fjordane politidistrikt.

Held stengt i dag

Kari Helen Blikås trur dei ubedne gjestene har slått til i løpet av natta. Tjuvane kom seg inn gjennom eit vindauge som dei braut opp.

Både butikken og kafeen vil halde stengt i dag på grunn av innbrotet. Det er førebels uvisst kor mykje tjuvane har fått med seg.

– Det var ein del rot inne. Dei har først og fremst vore på jakt etter tobakk og pengar, fortel Blikås.

Kom med ferja

Det var tilsette på butikken som oppdaga innbrotet. Etter tips frå andre bebuarar vart det raskt fatta mistanke til to personar som kom med ferja tidlegare i veka.

Tysdag morgon reiste dei frå øya. Då ferja la til kai i Askvoll stod politiet og venta.

– Det er ikkje kjekt å oppleve noko slikt. Eg trudde vi skulle sleppe slikt her ute. Men når det skjer noko ekstra, så er det bra at folk følgjer med og varslar kvarandre. Det er små forhold her, seier ho.