Hopp til innhold

To personar kritisk skadde i brann

Ei 24 gammal kvinne og ein gut på 20 månader er kritisk skadde etter ein brann i Førde.

Dei to blei sende til Haukeland Universitetssjukehus måndag ettermiddag.

Skadestadsleiar Odd Helge Vågseth seier til NRK.no at ein annan person blei frakta til Førde sentralsjukehus og fem personar måtte til legevakt. Dei skal ha blitt skadde i samband med redningsarbeidet.

Det var klokka 15:38 at politiet fekk melding om brannen i eit hus kalla Mølla. Brannvesenet og ambulansen kom raskt til stades.

– Etter ti minutt var brannen sløkt. Røykdykkarar har vore inne for å undersøkje om det er fleire personar der, opplyser operasjonsleiar Olaug Holme hos politiet.

Politet reknar med at alle personane som var i huset har kome seg ut.

Asylmottak

Det bur asylsøkjarar frå forskjellige land i huset som ligg ved Førde Brygge.

– Vi har i dag 27 bebuarar her ved Mølletunet, seier mottaksleiar Andrew Hawkes til NRK.no.

Huset består av tre etasjar og det byrja å brenne i hovudetasjen. Politiet vil førebels ikkje seie noko om årsaka til brannen.

– Brannårsaka blir etterforska av Førde og Naustdal lensmannskontor, seier Holme.

Opprettar pårørandesenter

NRK-fotograf Ole Andre Rekkedal var på staden like etter meldinga om brannen kom.

– Det er fleire leilegheiter i bygget. Det er både ambulansar, brannbilar og røykdykkarar her, men eg ser ingen flammar, sa han like før klokka 16.

Hovudredningssentralen opplyser om at Sea King-helikopteret frå Florø blei sendt til Førde for hjelpe til.

Det kommunale kriseteamet er involvert og tar hand om dei evakuerte. Kommunen har oppretta eit pårørandesenter på Førde Hotel. Pårørande kan ringe psykososialt kriseteam på telefon 90 67 60 15. Frå 17:05 kan ein ringje servicetorget i Førde kommune på telefon 57 72 20 00.

Video Brann i Førde-3 kritisk skadd

SJÅ VIDEO: Det var full utrykking til brannen på Steinen i Førde. Skadestadsleiar Odd Helge Vågseth seier at åtte personar er skadde i brannen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.