NRK Meny
Normal

To personar kritisk skadde etter front mot front-kollisjon

Fem blei skadde i den alvorlege trafikkulukka utanfor Førde tysdag morgon. Tre av dei har status som lettare skadde.

Trafikkulukke i Erdal

TILDEKT: Naudetatane har dekka til den eine ulukkesbilen i Erdalen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ein av dei fem som er skadde i ulukka er blitt overført til Haukeland sjukehus. Tre andre har status som lettare skadde og er framleis på sjukehuset i Førde. Den femte er på St. Olavs Hospital i Trondheim. Status her er ukjent.

Dette har skjedd:

Ein mann i slutten av tenåra vart frakta til St. Olavs Hospital i Trondheim med Sea King helikopter. Fire andre menn, to rundt 20 år og to i alderen 50–60 år, vart sende til Førde sentralsjukehus med ambulanse melde Helse Førde klokka 08.40, tysdag morgon.

To bilar har kollidert front mot front. Ukjend årsak. Fem personar er skadd og frakta til ulike sjukehus. Det er alvorlege skadar på mange, til dels kritisk på nokon, sa innsatsleiar hos politiet, Gunnar Englund til NRK på ulukkesstaden.

Politiet fekk melding om ulukka rundt klokka seks tysdag morgon og alle naudetatane rykte ut.

– Vi byrjar med vitneavhøyr no for å få klarlagt kva som har skjedd, sa Englund.

Vil takke dei som kom først til staden

Innsatsleiar Gunnar Englund seier fleire trafikantar som kom tidleg til ulukkesstaden gjorde ein viktig innsats.

Politiførstebetjent Gunnar Englund ved Førde og Naustdal lensmannskontor

ROS: Innsatsleiar hos politiet, Gunnar Englund rosar dei første som kom til staden for å ha gjort livreddande førstehjelp og for å assistere politiet med å rydde i køen som oppstod ved ulukkesstaden.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Eg vil gjerne takke desse for å ha hjelpt oss i politiet med viktig førstehjelp og behandling av dei skadde. I tillegg var det også trafikantar som tok ansvar med å rydde vekk køen slik at bistandspersonellet fekk gode arbeidsforhold, seier Englund.

Han seier det er viktig at folk prøvar å hjelpe sjølv om det kan vere skummelt.

– Det er viktig at folk torer å prøve å hjelpe å gi førstehjelp. Det er rett og slett livsviktig, seier innsatsleiar hos politiet, Gunnar Englund.

Trafikkulukkesgruppa til Statens vegvesen har vore på staden for å gå igjennom ulukkesstaden og sjå etter spor saman med krimteknisk frå politiet.

Laster kart, vennligst vent...

ULUKKE: Det er no manuell dirigering av trafikken på staden.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.