– To pasientar er kritisk sjuke av influensa. Desse kjem frå Hordaland og Sogn og Fjordane, seier seksjonsoverlege ved Haukeland universitetssjukehus, Stig Gjerde.
Gjerde fortel at det er snakk om normalt friske menneske. Tidlegare i mars var fire personar innlagde med influensa. Den eine av desse var ikkje kritisk sjuk.
– To av pasientane er flytta over frå intensivavdelinga til andre avdelingar. Dei to siste vekene har vi ikkje fått nye pasientar, seier Gjerde.
Årets influensasesong har vart lenger enn vanleg
Fleire enn normalt måtte på sjukehus på grunn av influensa denne vinteren.
– Det har vore ein langstrakt sesong med eit høgt nivå over fleire veker. Det vil truleg vere eit høgare tal på innlagde personar denne sesongen, seier Karoline Bragstad, som er fungerande avdelingsdirektør ved Folkehelseinstituttet.
Årets influensasesong har også vart lenger enn kva som er vanleg.
– Det er mykje influensa i omlaup. No ligg vi på eit middels nivå, seier Bragstad.
Førekomsten av influensa går ned, men ikkje i alle fylke.
– I Sogn og Fjordane ser vi ikkje ein klar nedgang, så vi kan ikkje sei at toppen er nådd.
Skuffa over årets vaksine
Ved Helse Førde kan dei melde om eit kraftig utbrot av influensa.
– Det har vore mange tilfelle av influensa i år, og nokre fleire enn i fjor. Vi har hatt masse sjuke folk. Nokre få av desse har vore veldig sjuke, seier overlege i mikrobiologi, Reidar Hjetland.
Overlegen anbefaler personar i risikogruppa (sjå faktaboks) om å vaksinere seg, sjølv om han er skuffa over årets vaksine.
– Årets vaksine er halvgod og gir ikkje fullgodt vern, meiner Hjetland.
- Les også:
- Les også: