Hopp til innhold

Køyrde av vegen på sommardekk - to personar kom uskadd frå uhellet

To personar kom uskadde frå det då ein bil køyrde utfor vegen på E39 mellom Skei og Våtedalen i 08-tida onsdag morgon. Det var glatt på staden då uhellet skjedde, og bilen var skodd med sommardekk.

Hamna langt utfor vegen

UTFOR VEGEN: Ein bil hamna eit godt stykke utfor vegen på E39 i morgontimane.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Føraren av bilen har mista kontrollen på grunn av at det var glatt. Bilen kom frå Skei og var på veg nordover då uhellet skjedde, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Espen Gulliksen, til NRK.no.

Det var to personar i bilen. Begge vart sjekka for skadar av ambulansepersonell på staden, og skal vere fysisk uskadde.

Bilen står på ei mark på nedsida av E39 i 80-sona på like nord for Skei, ikkje så langt frå avkøyrsla til Førs.

Gulliksen stadfestar at bilen berre hadde sommardekk.

– Det stemmer det, og det er ikkje så lurt når det er glatt. Det vil bli oppretta sak, seier Gulliksen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Full utrykking til ulykke

PÅ STADEN: Både brannvesen og ambulanse kom raskt til staden, der ein bil køyrde utfor E39 mellom Skei og Våtedalen.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Er tynn ishinne på vegen

Ifølgje bilistar på staden er det ei tynn ishinne på vegen, noko som kan gje glatt veg på einskilde parti. Også politiet stadfestar at det er glatt på staden, og ber bilistar ta omsyn.

– Det skal vere glatt der, ja, seier Gulliksen.

Vakthavande Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen har ikkje fått melding om glatt veg, men understrekar at det ikkje er utenkjeleg at det er glatt etter ei natt med klarvêr og minusgrader einskilde stadar.

Skei