NRK Meny
Normal

To personar hamna i sjøen etter båtulukke i Førdefjorden

Tre pesonar var involvert i ei båtulukke i Førdefjorden laurdag føremiddag. To av dei tre hamna i sjøen, og no er ein av dei sendt til legevakt.

Laster kart, vennligst vent...

– Alle dei tre involverte er no gjort rede for, og ein av dei som hamna i vatnet er sendt til legevakt for ein sjekk, seier Terje Magnussen ved operasjonssentralen til politiet i Bergen.

Firda skriv at det er ein såkalla RIB-båt det er tale om, altså ein stiv, oppblåsbar båt.

Politiet meldte først at båten hadde kvelva og hamnarundt i vatnet, men kan no fortelje at det ikkej stemmer.

– Båten har treft ei bølgje og fått sleng på seg, seier Magnussen i politiet.

Alle naudetatane rykka ut til hendinga, men dei tre hadde då allereie kome seg inn til land ved Førde brygge.

I følgje Firda var det ein fiskebåt i nærleiken som kom til for å hjelpe.