NRK Meny
Normal

To personar arrestert for grovt tjuveri

Det har vore grovt tjuveri i ein klesbutikk i Florø. Politiet har arrestert to personar, dei er mistenkt for tjuveriet.

Det var 01:13 natt til laurdag at politiet fekk melding om eit tjuveri frå ein klesbutikk i Florø. To personar er arresterte, mistenkt for tjuveriet. Operasjonsleiar i Vest politidistrikt Ole Tom Nord vil ikkje kommentere saka.

– Av omsyn til etterforskinga ønskjer eg foreløpig ikkje å kommentere saka nærare.

I Luster vart ein mann i 30 åra arrestert fredag kveld, på grunn av at han braut eit besøksforbod.

Ein scooter stakk fredag kveld av frå bensinrekninga si i Førde. På Twitter ber politiet føraren om å melde seg, og skriv at dei vil følge opp saka.

Like før klokka 23 fredag kveld køyrde politiet heim ein rusa mann i Høyanger. Han hadde nekta å forlate ein utestad.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.