Hopp til innhold

To på prinsesselaget frå fylket

I går var det kvalifisering til titlane under Landsskyttarstemnet i Målselv. Sogn og Fjordane fekk to skyttarar på prinsesselaget.

Reidun Kristin Knapstad

BEST I FYLKET: Reidun Kristin Knapstad er best i fylket med 244 poeng.

Foto: Landsskyttarstemnet

Under den innleiande skytinga i går fekk Sogn og Fjordane to skyttarar på prinsesselaget. Reidun Kristin Knapstad frå Florø og Karoline Erdal frå Førde heldt begge roa og skal i dag konkurrere om å bli skyttarprinsesse.

NRK Sogn og Fjordane sin ekspert på Landsskyttarstemnet, Jørn Njøs, trur det skal halde hardt å nå til topps.

– Det er nokre poeng opp til dei beste damene, men å komme med på prinsesselaget er veldig bra likevel.

Karoline Erdal, Landsskyttarstemnet 2016

Karoline Erdal frå Førde kvalifiserte seg til prinsesselaget i kvalifiseringa i går.

Foto: Privat

Nokon skyttarkonge er det derimot ikkje noko håp om.

– Beste mannlege skyttar frå fylket vart Lars Elling Haugsvær Oppedal/Brekke og Svein Kåre Furre Leikanger, begge med 242 poeng. Så det vart for mange poeng opp i år.

– Kan bli ein moro dag

Jørn Njøs er imponert over nivået på Sogn og Fjordane-skyttarane under Landsskyttarstemnet i år. Han meiner at totalnivået i fylket i år, er høgare enn det har vore tidlegare.

I dag skal ungdomsskyttarane i aksjon i finale i baneskyting.

– Der kan vi vente alt, for våre ungdomsskyttarar er i landstoppen.

I rekruttklassa er både Erling Ellingsen Haskaug og Torgeir Haugsvær på dei første skivene. Og i eldre rekrutt er det seks som har skote 250 poeng.

– Mellom anna Marie Håvåg, har skote 250, med mest innertiarar. Det kan bli ein moro dag, seier Njøs.

Optimale forhold

På prinsesseskytinga klokka 16.30 skal altså to frå fylket i aksjon, og Njøs trur vi får sjå hundretalet.

– Eg tippar at Reidun Kristin Knapstad skyt 99 eller 100, det er meir enn godkjent av ho.

Han kan melde om optimale høve på standplass, så alt skal ligge til rette for ein god konkurransedag.

– Det er heilt vindstille. I dag er det kjempeforhold, det er heilt like forhold så den beste vinn uansett.