NRK Meny
Normal

To bussar kolliderte front mot front - éin omkom i kvar av bussane

To kvinner, ei norsk og ei taiwansk, er omkomne, og to personar er kritisk skadde etter at to bussar i ettermiddag kolliderte på riksveg 55 i Fardal i Sogndal.

Ulykke Fardal i Sogn

Ulukke FARDAL

Politiet fekk melding om ulukka klokka 16.58. Klokka 17.55 kunne politiet stadfeste at to personar har mist livet og at fleire er alvorleg skadde.

Den eine bussen var ein norsk rutebuss frå Nettbuss, den andre var ein svensk turistbuss. Rutebussen var på veg mot Sogndal, turistbussen på veg mot Hella.

– Den eine omkomne sat i den norske rutebussen, den andre sat i turistbussen. Begge dei to kritisk skadde sat i turistbussen, opplyser innsatsleiar Åge Løseth overfor NRK.no.

Namna på dei omkomne er enno ikkje frigjevne.

Til saman rundt 30 personar var involverte i ulukka.

Begge dei to omkomne var kvinner i 20-åra, opplyser politiet.

To alvorleg skadde til Bergen

AMK ved Førde sentralsjukehus opplyser klokka 18.41 av to alvorleg skadde er transporterte til Bergen.

Totalt vart ni personer skadde, og alle desse sat i turistbussen. Seks av dei er transporterte til sjukehuset i Førde, ein fekk behandling av lege i Sogndal.

Etter det NRK kjenner til er passasjerane i den eine bussen frå Taiwan.

Innsatsleiar Åge Løseth stadfestar at sjåføren i rutebussen til Nettbuss har kome så godt som uskadd frå ulukka.

Dei mest alvorleg skadde blir transporterte til Haukeland Universitetssjukehus i Bergen, resten til Førde Sentralsjukehus. Dei som er uskadde er køyrde med buss til Sogndal Hotell der Sogndal kommune har oppretta kriseteam.

Busskollisjon i Fardal

KRAFTIG KOLLISJON: Ulukka skjedde i Fardal, mellom Sogndal og Leikanger.

Foto: Anders Veberg / NRK

Førarsida riven av

NRK-reporter Anders Veberg fortel at heile førarsida på den eine bussen nærmast er riven av.

– Enno er det nokså uoversikteleg på skadestaden. Eg ser to luftambulansar som landar, og det er lange køar i begge retningane.

(Artikkelen held fram under biletet).

Buskollisjon i Fardal

EIN AV BUSSANE: Bussen frå Nettbuss er treft på venstre sida av fronten.

Foto: Christian Blom

Lange køar

I alt tre luftambulansar og eitt redningshelikopter frå Florø vart dirigerte til ulukkesstaden, i tillegg til fleire ambulansar. Men den eine luftambulansen og redningshelikopteret gjorde vendereis fordi det ikkje var behov for dei.

Riksveg 55 er stengd inntil vidare. Det er stor trafikk på denne strekninga fordi Gudvangatunnelen på E16 er stengd.

Imponert over redningsarbeidet

Svein Arne Ylvisåker bur like ved ulukkesstaden. Han såg ikkje sjølve ulukka, men han vart imponert over kor kjapt naudetatane var på plass.

– Dei kom som perler på ei snor. All honnør til dei, dei har blitt veldig profesjonelle. Brannmannskapa var raske med å stenge av ulukkesstaden, men vi fekk med oss at det såg fælt ut.

Busskollisjon i Fardal

HARD SAMANSTØYT: Ein norsk og ein svensk buss kolliderte i Fardal i Sogndal.

Foto: Øyvind Nondal

Ein omkom i kvar av bussane

Operasjonsleiar Harlem seier at Statens Havarikommisjon for transport og ulukkeskommisjonen til Statens vegvesen er varsla og kjem til ulukkesstaden.

– Den eine omkomne sat i den norske rutebussen, den andre sat i turistbussen. Begge dei to kritisk skadde sat i turistbussen, opplyser innsatsleiar Åge Løseth overfor NRK.no.

– Det er litt tidleg å ha ei sikker oppfatning om årsak til ulykka enno. Vegvesenet sin Havarikommisjon er på veg, og vi skal i tillegg gjere våre eigne undersøkingar, seier Løseth.

Han opplyser at riksveg 55 på staden blir stengd nokre timar utover kvelden.

Fardal i Sogndal - kart

BUSSKOLLISJON: Ulukka har skjedd ved Fardal på rv 55 mellom Sogndal og Leikanger.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser