To omkom frå fritidsbåt

I Sogn og Fjordane omkom to personar i ulykker knytt til bruk av fritidsbåt i løpet av første halvår i år. 12 personar omkom i slike ulykker på landsbasis. Det er to færre enn i fjor, viser ferske tal frå Sjøfartsdirektoratet.