NRK Meny
Normal

To nye ordførarar er klare

Frida Melvær vert ny ordførar for Høgre i Askvoll. I Bremanger er det Karl Vidar Førde frå Senterpartiet som har fått vervet.

Frida Melvær

NY ORDFØRAR: Frida Melvær frå Høgre blir ordførar i Askvoll.

Med seg på laget i Askvoll får Melvær med seg Kjell Kristian Carlsen frå Senterpartiet som varaordførar. Også Ap er med i konstellasjonen.

Melvær seier at dei tre partia har samarbeidd godt i den siste perioden.

– Vi kjenner kvarandre godt og er trygge på kvarandre. Eg veit det følgjer mykje ansvar med jobben som ordførar, men dette blir veldig spennande. Eg er veldig stolt og takknemleg, seier ho.

I Bremanger er det klart for eit raud-grønt samarbeid mellom Ap, Sp og SV. Karl Vidar Førde frå Senterpartiet som blir ordførar dei neste fire år, medan Nina Grotle frå Arbeidarpartiet blir varaordførar.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.