Hopp til innhold

To nye ferjer døypte

Laurdag vart to nye Fjord1 Fylkesbaatane-ferjer døypte på Fiskerstrand Verft.

Ferjedåp

Framme frå v: Adm.dir. Rolf Fiskerstrand, gudmor Bente Sørensen, gudmor Oddveig Birkeland, adm. dir. Stig Kristoffersen og konsernsjef Olav Smørdal. I midten maskinistane Reidar Nygård og Arvid Førde. Bak skipperane Geir Midtbø og Atle Olav Trollebø.

Foto: Samferdslefoto

Ferjene fekk namna MF "Davik" og MF "Vågsøy".

"Vågsøy skal settast inn på sambanet Måløy-Husevåg-Oldeide frå 29. juni, og Davik" skal inn i sambamdet Stårheim-Isane frå rundt 13 juli.

Begge ferjene har plass til 42 personbilar og fire vogntog. Gudmor for "Davik" var Bente Sørensen, for "Vågsøy" Oddveig Birkeland . Begge er styremedlemmer i Fjord1 Fylkesbaatane.

Ny profil

Dei to nye ferjene blir dei første skipa med den nye Fjord1-profilen, med mørkeblått skrog og tydelegare merking.

- God kvalitet

"Davik" og Vågsøy" er ferje nummer fem og seks selskapet får bygt ved Fiskerstrand Verft.

- Vi er godt nøgde med leveransen, dette er god kvalitet, seier administrerande direktør Stig Kristoffersen i Fjord1 Fylkesbaatane.

Nytt i staden for ombygging

Fjord1 Fylkesbaatane valde på eige initiativ å bygge to nybygg for desse sambanda, noko som representerer ein høgare standard enn det som var inngått i avtalen med Statens Vegvesen. Her var det nemleg snakk om ombygging av to gamle ferjer.

- Dette betyr at vi kan tilby våre reisande meir effektive og komfortable ferjer enn det som låg i det opphavlege anbodet. I tillegg til ein generelt høgare standard, er desse ferjene også meir miljøvenlege i drift, seier Stig Kristoffersen