Hopp til innhold

To ny millionærar frå fylket i går

To heldige vinnarar frå fylket fekk i går telefon frå Norsk Tipping på Hamar om at dei var blitt millionærar.

Norsk Tipping

MILLIONTELEFONEN: Denne gjengen frå Norsk tipping ringer no rundt til alle som vart millionærar påskeaftan. Framleis er det mange dei ikkje har fått kontakt med.

Foto: Norsk Tipping

– Eg har alltid sagt at eg skal ta med familien til Hawaii dersom eg vinn i Lotto, så da får vi sjå om det ikkje blir ein tur dit, seier ein lukkeleg vinnar frå Flora.

Han trudde først det var ein aprilsnarr då Norsk Tipping ringde påskeaftan. Men 1. april er som kjent dagen etter.

Han og den andre vinnaren frå fylket vann i såkalla SuperLotto, der vinnarane vert uttrekte tilfeldig blant dei som har levert Lotto-kupong sidan førre SuperLotto-trekning. Potten denne gongen var på heile 42 millionar kroner, som 40 heldige vinnarar og to andelsbankar kunne dele.

– Dette var jo svært uventa! Så moro, seier ei kvinne frå Eid når ho får høyre at ho er blitt millionær.

Den andre SuperLotto-vinnaren frå fylket har ikkje heilt bestemt seg for kva skal bruke pengane til

– Det kan eg ikkje seie i farta, men eg er svært glad, seier ho.