Hopp til innhold

To mot éin i ny stridssak i politiet

Desse tre regionlensmennene i Sogn og Fjordane er splitta internt i synet på om politiet i fylket bør delast i éin eller tre regionar.

Arne Johannessen, Dag Fiske, Tormod Hvattum

TRE – ÉIN – TRE: – Blir Sogn og Fjordane éin politiregion, kan me tapa kampen mot Bergen om folk og pengar, seier regionlensmann Arne Johannessen i Sogn (t.v.) og får støtte frå kollega i Nordfjord, Tormod Hvattum (t.h.), medan regionlensmann Dag Fiske (midten) i Sunnfjord meiner éin region vil gi best polititenester.

– Dette handlar mellom anna om kor mange som skal sitja rundt bordet til politimeisteren. Der er det viktig å ha politileiarar utanfor Bergen by, for å få inn eit breiare perspektiv, seier regionlensmann Arne Johannessen i Sogn.

I skuggen av alle lensmannskontora som skal leggjast ned, siglar det opp ein annan strid om organiseringa av politiet, nemleg kor mange regionar ordensmakta i Hordaland og Sogn og Fjordane skal delast inn i.

Politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt skubba fredag denne avgjerda føre seg – då han sende sitt forslag til ny lensmannsstruktur ut på høyring.

Framleis er to alternative organiseringar aktuelle:

  • Fire regionar i Hordaland og tre regionar i Sogn og Fjordane
  • Tre regionar i Hordaland og éin region i Sogn og Fjordane
Politiorganisering i vest

SKAR IKKJE GJENNOM: Avgjerda om det skal vera totalt éin (til venstre) eller tre politiregionar i Sogn og Fjordane, skubbar politimeister Kaare Songstad føre seg. Den endelege tilrådinga frå Songstad til Politidirektoratet er venta før jul.

Foto: Vest politidistrikt

Sentralisering

Éin region i Sogn og Fjordane betyr at berre éin regionlensmann frå fylket vil sitja i leiargruppa til Songstad.

– På sikt vil det føra til ei sentralisering av spesialistfunksjonar i Sogn og Fjordane. I dag har me tre regionar som fungerer godt, og som leverer gode resultat. Tre stemmer frå Sogn og Fjordane rundt bordet til politimeisteren er betre enn éi, seier Johannessen.

I leiargruppa til politimeisteren vil det sitja:

  • Inntil åtte-ti sjefar frå dei ulike fageiningane i politidistriktet, som på byråkratspråket har fått namnet funksjonelle driftseiningar. Dei fleste av desse vil ha kontorstad i Bergen.
  • I tillegg skal sjefane for regionane, dei såkalla geografiske driftseiningane, òg sitja der, altså fire eller sju regionlensmenn.

Difor er det viktig at politiet i Hordaland og Sogn og Fjordane blir delt inn i totalt sju, og ikkje fire, regionar, meiner regionlensmann Tormod Hvattum i Nordfjord:

– Sidan det meste av politiarbeidet skal skje ute i dei geografiske driftseiningane, må dei vera godt representerte.

Sunnfjord vil ha éin

Men den tredje regionlensmannen i Sogn og Fjordane, Dag Fiske, som leier den største politiregionen i fylket – Sunnfjord, er usamd.

Fiske seier til NRK at tre regionar ikkje blir store nok til å greia å oppfylla alle krava til dei nye regionale driftseiningane, som til dømes å ha ein eigen arrest.

Fiske viser dessutan til at politiarbeidet er blitt mykje meir spesialisert, og med tre mindre regioneiningar blir det krevjande å møta krava til fagleg spisskompetanse, meiner han.

Fiske avviser at han argumenterer slik for å gjera grunnen klar for eitt hovudkontor i fylket som skal liggja i Sunnfjord. Det har ingenting med det å gjera, men rett og slett fordi tre einingar vil bli for små, seier han.

Bergen versus distrikta

Regionlensmennene i Nordfjord og Sogn viser til at kriminaliteten er ulik i Sogn og Fjordane og Hordaland, og då spesielt rundt Bergen.

Ei opphoping av sjefar frå Bergen i leiargruppa vil gripa inn i prioriteringane av pengar og politifolk, meiner Johannessen:

– Skulle du berre prioritera ut frå dei utfordringane som Bergen har, er det ikkje mange saker i Sogn og Fjordane som er store nok til å nå opp.