To mista lappen på E39

Utrykkingspolitiet tok førarkortet frå to personar i Jølster i dag. Det skriv Firda Tidend. Først mista ei utanlandsk kvinne førarkortet for vinglete køyring. Kvinna var ikkje ruspåverka. Seinare vart ein utanlandsk lastebilsjåfør målt til 86 km/t i 60-sona på Håheim.