Hopp til innhold

To menn tekne av snøras

To menn vart tekne av eit 100 meter langt snøras på fjellet Gryta i Stryn laurdag ettermiddag. Hjelpemannskapa måtte dirigere karane ut av rasområdet med tekstmeldingar.

Redningsaksjon i Stryn.
Foto: Arne Vik

Dei to ringde sjølve klokka 16 laurdag og melde frå om at vart tekne av eit snøras.

Dei to fjellvande mennene køyrde telemark off-piste ved Stryn skisenter, då dei løyste ut raset som førte dei 30-40 meter ned fjellsida.

Mennene som er i 30-åra vart ikkje skadde i raset. Etter å ha greve seg ut av raset gjekk dei litt oppover att for å finne ein trygg plass å vente på hjelp.

- Dei vurderte risikoen for å løyse ut nye ras som så stor at dei ikkje våga å gå ut av området utan hjelp, fortel vaktleiar i Stryn Røde Kors Hjelpekorps, Jostein Bøe til NRK Sogn og Fjordane.

Sende tekstmeldingar

Det vart vurdert å bruke eit redningshelikopter for å få ut dei to mennene, men på grunn av frykt for at helikopteret kunne løyse ut nye ras vart det avlyst. I staden tok ei snøscooter-patrulje frå Røde Kors seg inn mot området. Dei fekk og hjelp av ein lokal rasekspert.

- Rasfaren var for stor til at vi kunne gå inn i området. Men ved hjelp av tekstmeldingar fekk vi dirigert dei to ut av rasområdet, fortel Bøe, som legg til at begge mennene var i god form.

- Uforsvarleg

Staden der dei to mennene i 30-åra utløyste raset er ikkje ei uvanleg rute å køyre telemark i. Bøe har sjølv køyrt  i dette området, som ligg på vestsida av fjellet Gryta. Men på grunn av mykje nysnø og dårlege verforhold, meiner han det er uforsvarleg å ferdast i dette området no. Når rasfaren er så stor som den er no, oppmodar han heller folk om å halde seg i skisenteret.