Hopp til innhold

To menn sikta og fengsla for valdtekt

To menn sit fengsla for grov valdtekt av ei kvinne i 20-åra. Begge nektar straffskuld.

Sogn og Fjordane tingrett

FEKK FIRE VEKER: Sogn og Fjordane tingrett gav dei to mennene brev- og besøksforbod.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Han nektar kjennskap til saka og for at det skal ha skjedd ei valdtekt. Vi skal anke fengslinga, seier forsvararen til den eine mannen, Louis Anda.

Mennene blei framstilte for varetektsfengsling i Sogn og Fjordane tingrett på torsdag. Dei er no varetektsfengsla med brev- og besøksforbod i fire veker.

– Min klient erkjenner ikkje straffskuld for det han er sikta for og samtykker ikkje til fengsling, seier forsvararen til den andre mannen, Lene Knapstad.

Mennene er sikta for valdtekt av ei kvinne.

– Klienten min har forklart at han ikkje har gjort noko overgrep mot fornærma, seier Anda.

– Var klienten din på staden der det skal ha skjedd?

– Det vil eg ikkje kommentere, seier Anda.

Skal ha skjedd heime hos kvinna

Valdtekta skal ha funne stad i april i bustaden til kvinna i Sogn og Fjordane.

– Valdtekta blei gjort av fleire i fellesskap i bustaden til kvinna. Det var ein fest tidlegare på kvelden, men festen var avslutta frå min klient si side, seier bistandsadvokat Synne Øren.

Øren fortel at klienten hennar har tunge dagar.

– Ho har det tøft, seier Øren.

Politiet har fått medhald i at fengslingsavgjerdene i tingretten skal vere unnateke offentleg innsyn.