Hopp til innhold

To menn klarte å berge seg ut av snøskred

Det var to menn i 20-åra som løyste ut naudsignal i Jotunheimen. Dei slapp med skrekken då dei vart tekne av snøskred.

Redningsaksjon ved Turtagrø

BLES AV LEITEAKSJON: Kring ein time etter at naudmeldinga kom klarte Hovudredningssentralen å komme i kontakt med dei to mennene som varsla om at dei var i naud.

Foto: Christian Blom / NRK

Då det vart sendt ut naudsignal frå Hurrungane rykte naudetatane, redningshelikopter og fleire frivillige ut.

Politiet klarte først ikkje å få kontakt med dei to personane. Naudsignalet vart sendt ut like før klokka 15.30. Nesten ein time seinare fekk Hovudredningssentralen kontakt med dei to mennene.

Ifølgje politiet på staden skal dei to har fortalt at dei vart tekne av snøras. Den eine kom seg opp med det same, og då vart det løyst ut naudsignal. Men få minutt seinare klarte han å grave ut kameraten frå snøen. Begge skal vere uskadde og tok seg tilbake til Turtagrø for eiga hand.

To personar løyste ut naudsignal og det vart sett i gang ein stor redningsaksjon, før dei to klarte å få kontakt med politiet for å fortelje at dei var uskadde.

REDNINGSAKSJON: Naudetatane, redningshelikoptopteret og fleire frivillige var i ferd med å setje i gang ein stor redningsaksjon då dei fekk kontakt med dei to sakna. (Foto: Christian Blom)

Like over klokka 17.00 har dei to mennene kome seg ned igjen til Turtagrø. Dei to skal vere erfarne fjellfolk, opplyste politiet på staden.

Kring klokka 16.00 var dei i ferd med å etablere eit søk frå innsatsområdet ved Turtagrø Hotell, men før søket kom i gang fekk dei kontakt med dei sakna. Politiet har stor forståing for at dei involverte sende ut naudsignal.

– Det er absolutt innanfor. Eit ras treng ikkje vere stort for å gjere stor skade, seier operasjonsleiar Kai Myklebust.

Ressursane vart trekt tilbake, men politi og helse vart att på staden fram til dei to mennene kom seg til Turtagrø.

I tillegg til politiet stod redningshelikopter, Norske Redningshunder, Røde Kors og andre frivillige, klare til å delta i søket.

Turtagrø