NRK Meny
Normal

To menn fall åtte meter i arbeidsuhell

To menn fall åtte meter under eit arbeidsuhell ved Leikanger kyrkje i føremiddag.

Arbeidsuhell Leikanger

TIL SJUKEHUS: To menn er sende til sjukehus etter å ha falle ned frå eit stillas ved Leikanger kyrkje.

Foto: Knut Strøm

– To utanlandske arbeidarar har falle ned frå eit stillas. Den eine er meir skada enn den andre, og begge er sende til sjukehus i Førde med ambulanse, seier operasjonsleiar hjå politiet, Wenke Hope.

– Vi har ikkje detaljar om helsetilstanden deira, anna enn at den eine var oppegåande på staden, medan den andre måtte ha umiddelbar legehjelp, seier Hope.

Arbeidstilsynet er varsla om hendinga.

– Vi held på med undersøkingar på åstaden no. Etter dette vil vi også kalle inn vitne til avhøyr, seier Nancy Hestetun som er politibetent i Sogndal og Leikanger.

Måndag ettermiddag opplyser Helse Førde at ein 29 år gamal mann får behandling ved Førde sentralsjukehus. Tilstanden er stabil og han er ikkje alvorleg skadd. Den andre mannen var ifølgje politiet tilsynelatande uskadd.

Arbeidsuhell Leikanger
Foto: Knut Strøm
Laster kart, vennligst vent...
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.