NRK Meny

To menn arresterte

To menn blei torsdag arresterte i Sogn og Fjordane, skriv Bergens Tidende. Dei er mistenkte for oppbevaring og sal av store mengder ulovlege dopingmiddel. Politiet ville varetektsfengsle mannen i 20-åra, men han blei sett fri. Ei eventuell fengsling av mannen i 30-åra blir avgjort seinare. Politiadvokat Kristin Harstad i Vest politidistrikt vil ikkje seie noko om saka. Ho vil heller ikkje stadfeste om pågripinga har samanheng med ei større dopingsak politiet har jobba med sidan i fjor haust, skriv bt.no.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.