To lettare skadd i utforkøyring

To personar er lettare skadde etter eit trafikkuhell ved skipnes på fylkesveg 663 i Eid.

Laster kart, vennligst vent...

TRAFIKKULUKKE: Ein bil har køyrt av vegen på fylkesveg 663, omlag 500 meter frå Skipenes bru.

– Bilen med dei to har køyrt av vegen, og treft eit tre, seier Stein Rune Halleraker som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 16.27.

– Brannmanskapa som var dei første på staden melder at dei to har fått lettare skader. Den eine har fått eit kutt i andletet, medan den andre klagar over smerter i ei skulder, seier Halleraker.

Klokka 17:19 melder Helse Førde at dei to skadde er sende til sjukehus med ambulanse.