Hopp til innhold

To lettare skadd i kollisjon mellom vogntog og personbil

To personar er sendt til sjukehus etter at bilen dei sat i kolliderte med eit vogntog på riksveg 52 i Lærdal. Fem personar var involvert i kollisjonen.

Ulukke Hemsedalsfjellet

ULUKKE: Slik såg det ut etter at personane som var involvert var tekne hand om.

Foto: Jan Christian Jerving

Dei tre andre personane kom frå ulukka utan fysiske mein.

Både vogntoget og personbilen var utanlandskregistrert.

Alle naudetatane er på veg til staden. Vi kan ikkje seie noko om skadeomfanget, men det er snakk om at nokon av dei involverte har smerter, sa Per Rimmen ved Vest politidistrikt til NRK like etter at ulukka var meldt.

Ulukka skal ha skjedd like etter klokka 18 på lærdalssida av Hemsedalsfjellet, ved Breistølen.

Ulukke Hemsedalsfjellet

PERSONBIL: Bilen med dei skadde er utanlandskregistrert.

Foto: Per Christian Jerving

Ingen personar skal vere fastklemde etter ulukka, og alle skal vere medvitne, skriv politiet på Twitter.

Luftambulanse vart sendt til staden.

Vegen vart stengt ved Borlaug på grunn av lange køar. Trafikken går no som normalt.

Det skal vere glatt i ulukkesområdet.

Snødde kraftig

Eit bilist som NRK Sogn og Fjordane har snakka med, seier at det snør kraftig på Hemsedalsfjellet.

Ulukke Hemsedalsfjellet

VOGNTOG: Ifølge folk på staden stod vogntoget i feil køyrebane.

Foto: Jan Christian Jerving

– Ulukka må ha skjedd etter at eg passerte Breistølen. På veg ned Lærdal har eg møtt tre utrykkingsbilar frå Lærdal brann og redning, og to ambulansar frå Lærdal sjukehus, seier innringar.

På Hemsedalsfjellet såg innringar eit vogntog som stod fast like vest for Breistølen.

Vogntoget stod på feil side av vegen utan varselblink på.

Ulukke ved Breistølen i Lærdal