Hopp til innhold

Vegen open att i Bremanger

To lastebilar køyrde i kvarandre på fylkesveg 616 ved Langeneset, like ved Dalevatnet i ytre Bremanger

Lastebilar har kollidert på fylkesveg 616

STENGJER VEGEN: Fylkesveg 616 er no stengd på grunn av kollisjonen.

Foto: Kjell-Bjarte Varpe

Hendinga skjedde like over klokka 15.00 i ettermiddag og ein bergingsbil var framme på staden kl. 17.30.

Klokka 19.40 i kveld meldar Statens vegvesen om at vegen er open att.

– Politiet har snakka med begge sjåførane. Politipatruljen kunne melde om at det var glatt på vegen, seier operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Bergen, Arve Samsonsen.

Det blei ikkje meldt om personskade etter uhellet.

Stod i kø

Kari Svarstad var ein av dei som kom til staden. Ho måtte ta føtene fatt til slutt. Ho bur ikkje langt unna staden.

– Eg stod å venta ei stund, men fant ut at det var best å gå. Nokon sa eg kunne parkere og gå heim, og det gjorde eg, seier Svarstad.

Ho gjekk forbi bilane og fortel kva ho såg:

– Den eine lastebilen stod inntil berget. Og den andre, ein dansk trailer, stod knekt inntil lastebilen.

Det var ei stund kø i den eine retninga.

– Men det ser ut til at køen er borte på eine sida. Men bilar har kome med ferja frå Oldeide, og det er kø hin vegen no, seier Svarstad.