NRK Meny
Normal

To landskampar for Elise

Elise Thorsnes frå Leikanger får det travelt i juni. Ho er teken ut til både J 19-landskamp og A-landskamp i fotball med ei god vekes mellomrom.

Elise Thorsnes.
Foto: Roger Neumann, VG / Scanpix

Ho er med i jente 19-troppen som landslagssjef Jarle Torske i går presenterte til møtet med Tyskland 28. juni.

Privatlandskampen blir spelt på Høddvoll i Ulsteinvik.

Leikanger-jenta er også mellom dei 18 i den norske a-landslagstroppen som spelar VM-kvalifisering mot Hellas på Halden Stadion 20. juni.

 

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.