NRK Meny
Normal

Semifinalen glapp med fire poeng

Verken Eivindvik skule eller Lavik skule klarte å kapre ein plass blant semifinalistane i den store klassequizen.

Klassequiz Eivindvik skule

SEKS POENG: Malene Elnes (f.v.), Sunniva Oppedal og Håvard Indrebø utgjer tre fjerdedelar av 10. klasse ved Eivindvik skule. I klassequizen enda dei på 12 poeng.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Med seks poeng kvar, var det fire poeng opp til dei fem laga på delt andreplass, og med plass i semifinalen.

Robert Norevik ved Lavik skule greip seg til hovudet fleire gonger då fasitsvara vart lest opp.

– Det er alt for dårleg med berre seks poeng, seier Norevik og ergrar seg over at dei mellom anna ikkje visste at Anders Fannemel er den einaste norske seniormeisteren i hopp frå Sogn og Fjordane.

– Ikkje heilt nøgde

Begge dei to laga som skulle i dyst måndag sikta seg inn på langt fleire poeng enn dei seks dei hamna på. I Gulen hadde tre av klassens fire elevar ved Eivindivik mål om ti poeng.

Minst like viktig å slå sambygdingane på Byrknes og Dalsøyra skular sine høvesvis seks og åtte poeng. Også dei måtte sjå seg slått av sistnemnde.

– Vi er ikkje heilt nøgde. Vi ville slå dei andre skulane, seier Håvard Indrebø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Klassequiz Lavik skule

SEKS POENG: Maria Hjelmeland (f.v.), Peder Moe og Robert Norevik fekk seks poeng.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dårleg start

Dei førebudde seg på iinternett og nettsidene til NRK Sogn og Fjordane. Spesielt Indrebø kryssa fingrane for sportsspørsmål.

Saman med Malene Elnes og Sunniva Oppedal fekk dei ein dårleg start med feil svar på dei to første spørsmåla.

– Vi skulle gjerne hatt litt meir lokale spørsmål, meiner Malene og konstaterer at dei fekk full pott på dei to spørsmåla om Gulen.

– Kunne no vore verre

I Lavik hadde dei også budd seg på førehand, då med spørsmål frå tidlegare rundar.

Norevik, som utgjorde laget saman med Moe og Maria Hjelmeland, ynskte seg spørsmål om vintersport - helst langrenn og skiskyting.

– Eg er no eigentleg nokolunde nøgd med seks poeng. Det kunne vore verre, meinte Moe.

Vikjer leiar

Med berre Selje skule og Vågsøy ungdomsskule att i konkurransen i Sogn og Fjordane, leiar Flatbygdi skule i Vik med 11 poeng . Vassenden (Jølster), Kvåle (Sogndal), Farnes (Årdal), Førde og Bulandet (Askvoll) skular deler alle andreplassen med ti poeng kvar.

Siste runde før semifinalane er onsdag 30. januar.

Spørsmåla Lavik skule fekk

Runde 1 - Hopp

  • I kva for ein norsk tettstad ligg verdas største skiflygingsbakke? Rett svar: Vikersund
  • Kva heiter teiknefilmfiguren Bugs Bunny på norsk? Rett svar: Snurre Sprett
  • Kva er verdsrekorden i høgdehopp for menn? 2,42 meter - 2,45 meter - 2,50 meter? Rett svar: 2,45 meter
  • Han er den einaste norske seniormeisteren i spesielt hopp frå Sogn og Fjordane. Kva heiter han? Rett svar: Anders Fannemel


Runde 2 - Søta bror

  • Kva betyr «örngott» på svensk? Putevar - fuglebur - laurdagsgodt? Rett svar: Putevar
  • Kva for eit år vart den siste unionen mellom Norge og Sverige oppløyst? Rett svar: 1905
  • Kva heiter Sveriges nest største by målt i folketal? Rett svar: Gøteborg
  • Sogndal Fotball berga plassen i Tippeligaen også i 2012. Men kva heiter trenaren som leia laget til ny kontrakt? Rett svar: Jonas Olsson

Runde 3 - Bein

  • Kor mange par ribbein har eit menneske? Rett svar: 12
  • Kva heiter disneyfiguren Langbein på engelsk? Rett svar: Goofy
  • Kva heiter det berømte klokketårnet i London? Rett svar: Big Ben
  • E39 er blitt bein og fin på strekninga Torvund-Teigen. Kven var det som hogg av snora då veganlegget vart opna? Rett svar: Samferdselsminister Marit Arnstad

Spørsmåla Eivindvik skule fekk

Runde 1 - Salt

  • Kva for eitt av desse landa ligg ikkje ved Daudehavet? Egypt - Israel - Jordan? Rett svar: Egypt
  • Kva er det kjemiske namnet på vanleg bordsalt? Rett svar: Natriumklorid/NaCl
  • Kva heiter pastillen som er oppkalla etter operasongar Ivar Frithiof Andresen? Rett svar: IFA
  • Denne gruppa frå Sogn har ein låt med tittelen «Salt» og har gitt ut albumet «Ber bod!» Kva heiter gruppa? Rett svar: Tyyl!

Runde 2 - Kroner

  • Kven er det bilete av på den norske tusenlappen? Sigrid Undset - Kirsten Flagstad - Edvard Munch? Rett svar: Edvard Munch
  • Kva for ein idrett driver det svenske landslaget med som blir kalla «Tre Kronor»? Rett svar: Ishockey
  • Kva heitte faren til Kong Harald? Rett svar: Kong Olav/Olav/Olav 5.
  • Sogn og Fjordane fylkeskommune utsette eit prosjekt i Gulen som skulle ha kosta 60 millionar kroner. Kva slags prosjekt snakkar vi om? Rett svar: Formidlingssenter for Gulatinget

Runde 3 - Han

  • I kva land regjerte Han-dynastiet for omlag 2000 år sidan? Rett svar: Kina
  • Kva blir ein garasje for fly kalla? Rett svar: Hangar
  • I kva for ein filmserie er Han Solo ein sentral figur? Rett svar: Star Wars
  • Han har ein formue på over 400 millionar kroner, han vart 50 år i 2012, og han bur i Gulen. Kva heiter han? Rett svar: Ola Braanaas
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå