I forslaget til årets budsjett som kommunestyret skal vedta torsdag, ligg der inne eit kutt til kyrkja på i verste fall 25 prosent. Ifølgje prost Geir Sørebø kan dette bety at to av dei tre kyrkjene i kommune må stengje. Sørebø har no sendt brev til politikarane der han ber dei innsjå følgjene av kutt-forslaget.
- Kan ikkje bli ved det gamle
- Det er dramatisk. Men vi må berre innsjå at når ein i løpet av fire-fem år reduserer eit kyrkjebudsjett med opptil 40 prosent, og kanskje over, så kan ikkje alt bli ved det gamle. Då må det også skje endringar i strukturen, seier prosten.
- Viss utviklinga held fram i same retning som no, kan eg ikkje sjå at det er mogeleg å ha tre kyrkjer og fire kyrkjegardar drift i Solund.
Uklare tal
Men Sørebø har også det ankepunktet mot budsjettforslaget at det ikkje går an å finne ut eksakt kor mykje pengar kyrkja skal få.
- At det er uklar kan også føre til at det blir verre enn nokon trur når ein gjer vedtak. Difor har sendt brev til politikarane, der eg ber dei sjå nøye på tala dei no skal gjere vedtak på, slik at dei ikkje kjem etterpå og seier at dei ikkje viste konsekvensane av vedtaket, seier Geir Sørebø.